• Foto: Pernille Sandberg

  • Foto: Pernille Sandberg

  • Foto: Pernille Sandberg

Scenekunst
8. – Vg3. trinn

Villanda
Valfri teaterproduksjon for u.trinn vgs. Strømmes direkte 2. des. kl. 12.00. Du meldar på som vanleg i portalen og får ein direktelenke på e-post frå teatret.

  • Hvor
    På skolen - live streaming
  • Hvor mange

    Maks. 2000 elever

  • Hvor lenge

    1 t 40 min
    Opprigg:
    Nedrigg:

  • Annen informasjon

    Teknisk er det behov for internett, og noko å vise strøyminga frå (tv, projektor, pc, nettbrett eller liknande). Hugs også at det må vere tilgang til lyd.

Sjå Henrik Ibsens Villanda direkte frå klasserommet.

Hedvig er fjorten år og kjenner seg annleis. Gjennom kameralinsa forsøker ho å oppnå kontakt med både seg sjølv og omverda, men bilda gir henne berre ei enda sterkare kjensle av ikkje å høyre til. Ho ser ikkje lenger seg sjølv, berre andre rundt seg. Kven er eigentleg Hedvig bak filter og all sminka?

Flyktar inn i fotografiet
Regissør Lars Erik Holter ønskjer å nytte Ibsens velkjente tekst til å forske i forholdet mellom tenåringsjenta Hedvig og foreldra hennar, dei som er så glade i henne, men som likevel ikkje klarer å nå inn til henne. Dei tafatte forsøka på å overstige generasjonskløfta er like mislykka frå begge kantar. Hedvig har ikkje språk, eller verktøy til å omsette kjenslene i handlingar. Ho flyktar inn i fotografiet og prøver å formidle ei uro gjennom eksponeringar. Men korleis kan foreldra eigentleg respondere på ungdomsjentas ytringar? Er det så enkelt å forstå, eller å nå inn til dottera som sjølv ikkje kan sette ord på uroa. Eller har dei kanskje nok med sine eigne utfordringar når ikkje livet går heilt som dei hadde håpa?

Løgner og forteiingar
Familien Ekdal består av far Hjalmar, mor Gina og dottera Hedvig på 14 år. I tillegg bur faren til Hjalmar med dei. Etter mange år kjem familievennen Gregers Werle tilbake til heimbyen. I trua på at det vil føre både familien Ekdal og hans eigen familie over i eit betre spor, har han bestemt seg for at sanninga om hans eigen fars innverknad på den ekdalske familien må fram i lyset. Berre på den måten kan Hjalmar, Gina og dotter deira Hedvig få eit lykkeleg liv fritt for løgner.

Mest spelte Ibsen-stykke
Villanda har hatt ein særeigen posisjon innan norsk og internasjonal teaterkunst sidan stykket blei sett opp første gongen i 1885. Da Villanda kom i bokform i 1884 var kritikarane og publikum totalt forvirra av den nye blandinga av symbolisme og realisme, tragedie og komikk. Men etter urpremieren på Den Nationale Scene i Bergen året etter, slo kritikarane fast at det var ein suksess. Og historia om familien Ekdal er eit av dei mest spelte skodespela av Henrik Ibsen.

Kunstnarleg lag
Av: Henrik Ibsen
Omsetjing: Tormod Skagestad
Omarbeidd av: Lars Erik Holter og ensemlet
Regissør: Lars Erik Holter
Visuell designar og fotograf: Pernille Sandberg
Komponist: Petter Winther
Dramaturg: Ingrid Weme Nilsen

På scenen
Hedvig Ekdal: Gina Bernhoft Gørvell
Hjalmar Ekdal: Frode Winther
Gina Ekdal: Ellen Birgitte Winther
Gamle Ekdal: Bernhard Ramstad
Dr. Relling: Paul-Ottar Haga
Molvik: Amund Sigurdssønn Karlsen
Gregers Werle: Gard Skagestad
Grosserer Werle: Øyvind Berven
Fru Sørby: Trini Lund

Skolene kan velje å anten
1: Ha strøyminga på storskjerm og sjå i fellesskap, eller
2: At kvar enkelt elev ser på eigen PC/nettbrett.

Det er viktig å merke seg at denne strøyminga er direkte. Det betyr at den ikkje er i opptak. Framsyninga startar presis, og det er ikkje mogleg å stoppe eller spole tilbake.


www.detnorsketeatret.no/villanda

Studiemateriell, i samarbeid med Teatermuseet: https://s3.eu-north-1.amazonaws.com/detnorsketeatret/media/dokumentar/Villanda-studiemateriell-2020.pdf

Sjekklister for DKS besøk


> Tilbake til oversikt over programmet