
Musikk
1. – 2. trinn
Veslefrikk med fela
Fast produksjon - scenekunst
Veslefrikk har jobba i tre år hjå den strenge lensmannen og fått ei luseløn på tre skilling. Men Veslefrikk er ein som held humøret og motet oppe og gler seg til å bruke pengane på nye klede og sko! Men på veg inn til byen møter han tre merkelege skapningar. Er dei farlege tru? Og kvifor vil dei ha skillingane hans?
Veslefrikk med fela er eitt av våre mest kjende og kjære folkeeventyr samla av Asbjørnsen og Moe. Historia handlar om den vesle, fattige guten som tener tre skilling for tre års arbeid. Desse gjev han alle bort ein etter ein fordi nokon andre treng skillingane meir enn han sjølv. Det løner seg å vera god mot andre, for Veslefrikk får oppfylt eit ønske for kvar skilling han gjev frå seg.
Erlend Apneseth, Margit Myhr og Vetle Springgard fortel dette eventyret gjennom song, spel, dans og skodespel.
Elevane får oppleva spenstig hallingdans og akrobatiske krumspring, mektige hardingfeleslåttar, var song og humoristiske karakterar på scena.
Om utøver
Vetle Springgard, hallingdansar
Margit Myhr, folkemusikar, songar, dansar og skodespelar
Erlend Apneseth, musikar og komponist
Produsent
Leif Stinnebom og ensemblet
Samarbeid
Produksjonen er et samarbeid mellom Västanå Teater, DKS Rogaland og ensemblet.
Før og etter
Anmeldelse av Veslefrikk, Unge Stemmer