• Foto: Dag Jenssen

  • Foto: Dag Jenssen

  • Foto: Dag Jenssen

  • Foto: Dag Jenssen

Scenekunst
Vg1. – Vg3. trinn

Tolvskillingsoperaen
Valgfri produksjon. Påmelding ikke avklart foreløpig. Velkommen til musikalen Tolvskillingsoperaen – ei filosofisk røvarhistorie.

Kva gjer det med oss menneske når det meste er til sals? Korleis ser vi på vår neste? Som ein… ting? Og kva om denne neste faktisk ER ein ting?

Velkommen til musikalen Tolvskillingsoperaen – ei filosofisk røvarhistorie.

Det var ein gong eit lite land langt, langt mot nord. Kongen var i ferd med å bli gamal, og marknadskreftene tok til å ta over restane av ein smuldrande velferdsstat. Fjellheimen og nasjonalparkane var blitt private hyttefelt eigde av konglomerat og konsern frå heile verda. Innbyggarane heldt på å bli overflødige som arbeidskraft. Arbeidsoppgåvene var tatt meir og meir over av menneska sine intelligente løysingar, og avatarane hadde rykka inn – ikkje minst i teateret. Dei trong ikkje kvile eller mat, og sa heller aldri nei.

Eit moderne eventyr
Brecht og Weills Tolvskillingsoperaen frå 1928 gir ei burlesk framstilling av ein framstormande kapitalisme. Den var eit tidleg forsøk på å lage teater der politikk, eventyr og musikk gjekk opp i ei større eining. Denne røvarhistoria – ein stad mellom teater og opera – kan kanskje sjåast som ein liten kikk inn i ei tid i emning, der tilgang til vidde-snå er tilgang til gevinst, der kulturarbeidaren slit i marknadens motvind, og der ein må gå lenger og lenger for å nå fram til den frie strandsona.

Medvirkende:
Kristoffer Olsen: Mackie Kniven
Kjersti Dalseide: Polly
Pål Chistian Eggen: Herr Peachum
Mimmi Tamba: Fru Peachum
Vetle Bergan: Politimester Brun
Gina Bernhoft Gørvell: Jenny, bandemedlem
Ina Svenningdal: Filch, bandemedlem
Joakim H. Ousdal: Bande-leiar
Bjørn Sundquist: Forteljar (i lydopptak)

av Bertolt Brecht med musikk av Kurt Weill.
Omsetjing: Halldis Moren Vesaas
Omarbeiding: Tore Vagn Lid
Regissør, konsept, musikalsk ansvarleg: Tore Vagn Lid
Scenograf og videodesignar: Kyrre Bjørkås
Opphavleg kostymedesignar: Ane Ledang Aasheim
Vidareutvikling og gjennomføring av kostymedesignet: Line Jeanette Antonsen
Koreograf: Belinda Braza
Lysdesignar: Torkel Skjærven
Modellbyggarar: Christa Korvald og Julia Jayko Fossland
Videodesignar: Marte Vold
Animasjonar: Stephanie Erso og Kristian Pedersen
Lydkulissar: Rangnhild Tronsmo Haugland (Ombra Sounds) og Glenn Erik Haugland (Studio O)
Maskedesignarar: Malin Moe Jones og Katja Langer
Dramaturg: Carl Morten Amundsen
Forlag: Nordiska ApS

Produsent
Det Norske Teatret

Vimeo:
https://vimeo.com/478027489
https://vimeo.com/394137740

Sjekklister for DKS besøk


> Tilbake til oversikt over programmet