• Foto: Håvard Hammarstrøm

  • Roy Ole Førland

  • Roald Kaldestad

Litteratur
1. – 7. trinn

To hundre og sekstini dagar
Valfri produksjon - Velkomen inn i ei biletbok

  • Hvor
    På skolen
  • Hvor mange

    Maks. 60 elever

  • Hvor lenge

    35 min
    Opprigg: 30 min
    Nedrigg: 30 min

  • Annen informasjon

    Bærehjelp
    4 stk

    Blending
    Ja, treng eit mørklagt rom

Bli med på ei vakker og poetisk forestilling til refleksjon og ettertanke. Bildeboka To hundre og sekstini dagar av Roald Kaldestad handlar om venskapet mellom to små ungar, ein gut og ei jente, og tankane til guten når jenta flyttar. Boka er formidla på originalt vis, som ei live lydbok.

Bildene frå boka blir projisert på stort lerret, i samspel med lesing, lydkulisser og livemusikk frå to musikarar. Elevane skal kunne få ein kjensle av å sitte i regnet og i lyden. Regnet og saknet er gjennomgangstema for forestillinga. Musikarane lagar ulike effektar, som f.eks. en bil som kjører mot eller frå publikum.

Lyden fungerer som ein slags scenografi, som forsterkar teksten og bildene. Deler av lyden vil vera basert på feltopptak, det vil si opptak frå by og natur. Saman med lyden som blir spela live, blir det skapt eit rikt lydbilde, noko som gjer totalopplevinga sterkare.


Om utøver

Roald Kaldestad er forfattar og musikar. Han har spela mykje med Sigrid Moldestad, Odd Nordstoga og Magnet, i tillegg til femten års fartstid i Storm Weather Shanty Choir. Han debuterte som forfattar i 2000 med Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip. Året etter kom Reven Ruben, og i 2003 Polkagrisen. I 2006 kom biletboka Englefjell, og i 2010, Heavykatten og gitaren.

Roy Ole Førland er utdanna musikklærar ved Høgskulen i Volda. Han jobbar som musikar, musikklærar og komponist i Bergen, samt på Barnas Kulturhus i Bergen. Førland har dei siste åra jobba mykje med musikk til lyrikk. Han spelar med A boy Named Sue, Heidi Marie Vestrheim, han lagar filmmusikk og har brei erfaring fra DKS.


Produsent
Roald Kaldestad og Roy Ole Førland

I samarbeid med
Widar Aspeli, Turnéorganisasjonen for Hedmark


Presseklipp
Juryuttalelse, Årets vakreste bøker 2015:
Stemningsfulle bilder. Gjennomførte duse farger kler de vakre, detaljrike illustrasjonene, og setter et tydelig særpreg på boken. Spennende synsvinkler skaper dynamikk og variasjon gjennom historien.

Geir Vestad, Hamar Arbeiderblad:
Fin billedbok om vennskap. … Roald Kaldestad har skrevet en ren og fin tekst, men først og fremst er det Bjørn Rune Lies illustrasjoner som bærer framstillingen og skaper stemningen. … Og sin posisjon i eliten av norske barnebokillustratører har han siden bare styrket.

Camilla Ruhs, Pirion
… ei nydeleg og litt trist forteljing om venskap. Om det å oppleva at bestevennen flytter, om historia dei har hatt i lag og om saknet og lengta og om regn. Masse regn. Og eit nytt håp. … Biletboka er vakkert illustrert der gråblått og raudt er hovudfarger.


Før og etter

Sjekklister for DKS besøk


> Tilbake til oversikt over programmet

  • Faglig relevans

    Norsk, nynorsk, KRLE, kunst og handverk, tema sakn og venskap