Scenekunst
8. – 10. trinn

Tante Ulrikkes vei
8. - 10. trinn fast og valgfritt program for vgs. Den prislønna boka Tante Ulrikkes vei av Zeshan Shakar blir teater!

To gutar veks opp i Tante Ulrikkes vei på Stovner i Oslo. Den eine kjem frå det vi kan kalle ein god heim, den andre har ein meir utfordrande heimesituasjon. Dei gjer begge så godt dei kan, men går likevel ei usikker framtid i møte. Tante Ulrikkes vei handlar om to unge gutar sin kamp for å komme seg opp og fram og få eit betre liv. Det handlar om kjærleik, ungdomsliv og det å prøve å forstå storsamfunnet. Og det handlar ikkje minst om klasse og den politiske og politisk korrekte eliten si blindsone.

«Det skjer ikke da. Jeg liker ikke skriving. Hvert fall ikke skrive dagbok ass. Det er for kæber, mann. Jeg snakker isteden ass. Men ok, ja ass, jeg er Jamaal. Svarting, muslim, fra Stovner, T.U.V, Tante Ulrikkes vei, du veit, representerer alltid.»

Det er byrjinga av 2000-talet i drabantbyen på Stovner. Her bur Jamal og Mo i same oppgang, men har svært ulike liv. Hos Jamal blir det stort sett ikkje servert nokon annan mat enn den han lagar sjølv, mora ligg på sofaen heile dagen og veslebroren pissar på seg når han er på skolen.

Mo jobbar jamt og trutt med skolearbeidet for å få dei beste karakterane, og byrjar etter kvart på samfunnsøkonomi på Blindern. Det blir ei overveldande miljøforandring frå det kjente miljøet på Stovner. Han møter ei litt frika jente som bur heime hos foreldra i ein stor villa på Grefsen. Men ettersom ho får nye venner i det politisk korrekte studentmiljøet og blir opptatt av å demonstrere mot H&M og storkapitalen som vil etablere seg i det autentiske miljøet på Grünerløkka, glir dei lenger og lenger ifrå kvarandre. Ho klarer ikkje forstå Mo sine utfordringar med å overskride klasseskilja og bli akseptert i landet han har vakse opp i. Kanskje var det berre spennande ein periode å ha ein kjærast som var muslim og kom frå Stovner?

Framsyninga speler på Rommen Scene i Groruddalen, og er ein del av eit nytt samarbeid mellom Det Norske Teatret og Rommen Scene.

Regissør: Victoria Meirik
Scenografi og kostyme: Unni Walstad
Lysdesignar: Gyril Høgberg
Dramaturg: Carl Morten Amundsen

Skodespelarar: Gaute Adela Aastorp Cudjoe, Manish Sharma, Thomas Bipin Olsen, Ragnhild Meling Enoksen

Forfattar
Zeshan Shakar
debuterte med romanen Tante Ulrikkes vei hausten 2017. Han vaks opp på Stovner, og er utdanna statsvitar, og har også studert økonomi på BI. Shakar har arbeidd i ulike departement, direktorat og no på Oslo rådhus. For debutboka fekk han Tarjei Vesaas’ debutantpris. Omarbeidinga for scene vil vere av regissør Victoria Meirik og sjefsdramaturg Carl Morten Amundsen.

Sjekklister for DKS besøk


> Tilbake til oversikt over programmet

  • Faglig relevans

    Norsk, samfunnsfag, historie, KRLE