• Illustrasjon: Lisa Aisato

  • Illustrasjon: Lisa Aisato

Scenekunst
6. – 6. trinn

Møt det Norske Teater – Snøsøstera
Fast produksjon - teaterforestilling som er del 2 av "Møt Det Norske teatret"

Snøsøstera er ei varm forteljing om vennskap og magi, om  familiesamhald og sorg. Framsyninga er basert på boka Snøsøsteren av Maja Lunde og Lisa Aisato. Dramatiseringa er ved Maja Lunde, og Alan Lucien Øien har regien.

Det er snart julaftan, som også er dagen Julian blir 10 år. Vanlegvis er det den beste dagen i året, når juletreet står pynta og lysa er tente, lufta er fylt av lukta frå klementinar og peparkaker, og det knitrar i peisen.

Men i år er ingenting som det plar vere. Heime er alt berre trist. Julian har nettopp mista den 16 år gamle storesøstera si. Ho blei sjuk og tynn og trist. Til slutt mista ho livet. Foreldra har forandra seg og er blitt fråverande og tause. Julian tenkjer at jula rett og slett er avlyst.

Så en dag møter han Hedvig. Ho har knallraudt hår, er gnistrande blid, livsglad og elskar jula. Snart blir dei to umogleg å skilje. Kanskje kan det bli jul likevel? Men det er noko mystisk med huset Hedvig bor i. Kven er den underlege gamle mannen som stadig dukkar opp? Og kor er eigentleg foreldra til Hedvig?

Ny juleklassikar.

Maja Lundes juleroman i 24 delar med nydelege teikningar av Lisa Aisato blei utropt som ein klassikar allereie da den kom ut i 2018. Boka blei ein braksuksess med rekordhøge lesartal, og fleire aviser rulla terningkast 6.


Kunstnarleg lag

Av: Maja Lunde og Lisa Aisato
Regissør: Alan Lucien Øyen

Komponist: Odd Nordstoga

Scenograf: Åsmund Færavaag

Kostyme: Stine Sjøgren

Lysdesignar: Torkel Skjærven

Lyddesignar: Gunnar Innvær

Dramaturg: Anders Hasmo

På scenen

Hedvig: Gina Gernhoft Gørvell

Julian: Vetle Bergan

Henrik: Per Schaanning

John: Andreas Koschinski Kvisgaard

Augusta: Stine Elverhøi Johnsen

Mamma: Ellen Birgitte Winther

Pappa: Niklas Gundersen

Sjekklister for DKS besøk


> Tilbake til oversikt over programmet