• Foto: Anita Nordal

  • Foto: Chris Erlbeck

  • Foto: Are Lothe Kolbeinsen

  • Foto: Are Lothe Kolbeinsen

  • Foto: Gyrid Nordal Kaldestad

Litteratur
1. – 7. trinn

Ny norsk nynorsk
Valgfri produksjon - poesimagi i biblioteket

  • Hvor
    På skolen
  • Hvor mange

    Maks. 30 elever

  • Hvor lenge

    30 min.
    Opprigg: 1 t 30 min.
    Nedrigg: 30 min.

  • Annen informasjon

    Rom
    Skulebibliotek eller ein anna stad på skulen. Avtalast med kvar enkelt skule.

    Bærehjelp
    Ikkje nødvendig, men alltid hyggelig

    Anna
    Hyggelig med ei kanne kaffi

Ny norsk nynorsk er noko så sjeldant som ein lyd- og poesiinstallasjon spesiallaga for bibliotek- små eller store! 

Installasjonen tar utangspunkt i dikt for barn av forfattarane Ragnar Hovland, Arnt Birkedal, Hans Sande og Per Olav Kaldestad. Lydlandskapa er laga av Are Lothe Kolbeinsen og Gyrid Nordal Kaldestad. Små og store elever blir tatt med inn i ei lydverd av magiske, morsomme, funderande verdenar av lyd og ord, og har vist seg å treffe elevane frå dei aller yngste til dei eldste!

Are Lothe Kolbeinsen rettleiar elevane undervegs, der han fokuserer på deira oppleving. Desse samtalane varierer sjølvsagt mykje på dei ulike alderstrinna, men han prøver å dreie samtalen inn på kva dei har fått med seg av tekstane, kva for lydar dei hørte og om lydane gjorde noko med opplevinga av teksten. Erfaringa er at elevane her får reflektere kring lyd, lytting, språk, tekst og dialektar (fordi alle som les tekstar har ulik alder og dialekt). Fleire lærarar har påpeikt at dette har vore ein svært god inngang for dei i forhold til det å arbeide med poesi.

Sidan opninga på Deichmanske Hovudbibliotek under Ultimafestivalen i 2007 har installasjonen besøkt samtlege skular i Oppland og skular i Nordland, Møre og Romsdal, Hedmark og Oslo, samt Trondheim folkebibliotek, Brummundal bibliotek og festivalane Dei nynorske festspilla, Norsk litteraturfestival – Sigrid Undset dagene og Falturiltu!


Om utøver

Tekstane er laga av forfattarane Ragnar Hovland, Arnt Birkedal, Hans Sande og Per Olav Kaldestad. Lydlandskapa er laga av Are Lothe Kolbeinsen og Gyrid Nordal Kaldestad

Are Lothe Kolbeinsen, født i Trondheim 1976. Gitarist og improvisasjonsmusikar, utdanna fra Jazzlinja NTNU. Han har i tillegg til omfattande turnering i inn- og utland (22 land), gjort ei rekkje produksjoner for Dks sidan 2001: Sirkus Vampyr, Lydrommet, Englefjell, Sam(p)ling, Når Morgonfrosken Syng..

Før og etter

Sjekklister for DKS besøk


> Tilbake til oversikt over programmet

  • Faglig relevans

    Norsk, nynorsk, musikk, tema poesi/dikt