• Foto: Dag Jenssen/Det Norske Teatret

  • Foto: Dag Jenssen/Det Norske Teatret

Scenekunst
6. – 6. trinn

Møt Det Norske Teatret
6. trinn fast produksjon - Bli med på innsida av Det Norske Teatret, med dramaøvingar og omvising på huset!

Bli med på innsida av Det Norske Teatret, med dramaøvingar og omvising på huset!

I Møt Det Norske Teatret får elevane ein dramaverkstad og ei omvising rundt på huset. Opplegget tek totalt 90 minutt. Det er 45 minutt med dramaverkstad og 45 minutt med omvising.

I omvisinga får elevane sjå nokre av dei ulike verkstadane og scenene på teateret, dei får sjå på kostyme, scenografi og rekvisittar. I tillegg får elevane høyre historia til teateret, som i over 100 år har spelt teater på nynorsk og norske dialektar.

I dramaverkstaden jobbar elevane med tematikk relevant for framsyninga Kva nashornet såg, som dei skal sjå ein annan dag. Handlinga i framsyninga er lagt til 2. verdskrigen og ein dyrehage ved konsentrasjonsleiren Buchenwald. I framsyninga møter vi eit direkte og poetisk språk som viser korleis vi menneske kan reagere når vi blir eksponerte for dei mørkaste sidene ved menneskenaturen. Dramaverkstaden vil handle om korleis vi kan finne håp og handlekraft i møte med noko urettferdig og vanskeleg.

Denne verkstaden er del 1 av opplegget Møt Det Norske Teatret, for 6. trinn i Den Kulturelle Skolesekken Oslo. Del 2 er framsyninga Kva nashornet såg.


matpakke og elever med spesielle behov
Meld frå til kontakten for produksjonen om:
• de ønskjer å ete matpakke på teateret før eller etter besøket
• du har elevar som har vanskar med å bevege seg, eller andre spesielle behov, så vi kan legge til rette for det.

Sjekklister for DKS besøk


> Tilbake til oversikt over programmet

  • Faglig relevans

    Norsk, samfunnsfag