• Foto: Magnus Skrede

  • Foto: Magnus Skrede

  • Foto: Magnus Skrede

  • Foto: Magnus Skrede

Scenekunst
8. – 10. trinn

Linje 5
8. - 10. trinn fast

Som ein nervetråd slynger ho seg gjennom hovudstaden frå vest til aust. Linje 5 er ei av linjene på T-banekartet i Oslo, ei hovudåre på skjener. Kanskje vil det å ta t-banen gjennom Oslo aldri bli heilt det same etter dette? Linje 5 er ei nyskrive framsyning av Don Martin og Zeshan Shakar.

Den lengste banen i aust, den som først forlet felleslinjene på veg ut av sentrum og som fraktar flest folk i løpet av ein dag. I Don Martin sin låt Hvis linje 5 kunne snakke samanliknar han banen med ei livslinje og syng om alle dei som er « vei i samme fart til bryllup og begravelse».

Alle tek banen

På denne banen stig mengda av ein norsk småby inn og ut kvar einaste dag. No vil Linje 5 ta bladet frå munnen og fortelje om byen vår og menneska i han. Saman med forfattaren av Tante Ulrikkes vei, Zeshan Shakar, skriv Don Martin forteljinga om dei ulike individa som pressar seg inn på den same strekninga. Alt frå forfattarar til fyllikar, marka-entusiastar og bankranarar side om side, tett i tett. Framsyninga vil løfte fram det fellesskapet og den tilhøyrsla som pregar den delen av Oslo og dei som bur på linja frå sentrum og autstover.

Kvardagsbilde

Don Martin som gjorde braksuksess med framsyninga Blokk til blokk, er igjen tilbake på scenen ved Det Norske Teatret. Saman med andre aktørar skal han attskape ei kjent og kvardagsleg handling i scenerommet. Ramma er ei t-banevogn, og publikum får bli med på ei reise gjennom den norske verkelegheita.

Aftenposten: «Zeshan Shakar og Don Martin lager T-baneteater på hiphopens premisser. Det gjør Rommen Scene til en av de morsomste og viktigste stoppestedene akkurat nå» (Terningkast 6)

NRK: «Med smart regi, energisk spill, morsomme replikker, kvikke vendinger og saftig språk er «Linje 5» en vitaminboost på en mørk høstkveld»

Dagsavisen: «Vitalt og viktig fra den delte byen» (Terningkast 5)


Kunstnarleg lag

Av: Don Martin og Zeshan Shakar
Regissørar: Cici Henriksen og Hedda Sandvig

Koreograf: Belinda Braza

Scenograf og kostymedesignar: Even Børsum

Lysdesignar: Øyvind Wangensteen

Lyddesignar: Anders Siegrist Oliver

Tekstbidrag; Jenny Mueni Ndunda

Dramaturg: Ingrid Weme Nilsen

På scenen

Jenny Mueni Ndunda
Don Martin
Judy Nyambura Karanja
Marianne Krogh
Per Schaanning
Manush Sharma
Gaute Adela Aastorp Cudjoe
Sarah Francesca Brænne

Sjekklister for DKS besøk


> Tilbake til oversikt over programmet