• Foto: Dag Jenssen/Det Norske Teatret

Scenekunst
6. – 6. trinn

Kva nashornet såg
6. trinn fast produksjon - teaterforestilling som er del 2 av "Møt Det Norske teatret"

Ein fabel om møtet med det ein ikkje kan bere. Med tida venner ein seg til alt, men andre si liding kjem også deg ved.

Vi er i ein ganske vanleg dyrehage. Dyra som bur der lever eit bedageleg liv bak gjerda. Men etter at eit nashorn døyr på mystisk vis, flyttar ein bjørn inn i dyrehagen. Bjørnen begynner å stille ubehagelege spørsmål: Kven er desse merkelege skapningane som bur på den andre sida av gjerdet? Dei kjem med tog og er tynne som pinnar, stripete som sebraer, men dei går på to bein og luktar ikkje særleg godt. Slike skapingar har bjørnen aldri før sett. Og kvifor døydde eigentleg nashornet?

I stykket Kva nashornet såg har dramatikar Jens Raschke dikta inn dyras blikk og tankar for å ta opp spørsmål om vald, sosial undertrykking og det kollektivt umedvitne. Handlinga er lagt til 2. verdskrigen og ein dyrehage ved konsentrasjonsleiren Buchenwald. Denne dyrehagen eksisterte faktisk og var eit populært helgetilbod for borgarane i Weimar.

Kva nashornet såg er ei oppmoding om sivilt mot. Skodespelet vann den tyske barneteaterprisen i 2014. Aftenposten gav framsyninga terningkast 5 og skreiv: «Meningsfullt om valget mellom å vende ryggen til eller engasjere seg i menneskelig elendighet.»

Framsyninga Kva nashornet såg er del 2 av opplegget Møt Det Norske Teatret, for 6. trinn i Den Kulturelle Skolesekken Oslo.

Sjå trailer: Kva nashornet såg

Omsetjing: Carl Morten Amundsen

Regissør: Ivar Tindberg

Visuell designar: Stian Hole

Dramaturg: Carl Morten Amundsen

Skodespelarar:
Ellen Birgitte Winther
Charlotte Frogner
Paul-Ottar Haga
Jonas F. Urstad

Sjekklister for DKS besøk


> Tilbake til oversikt over programmet

  • Faglig relevans

    Norsk, samfunnsfag, historie, KRLE