Scenekunst
6. – 6. trinn

Møt det Norske Teatert – Keeperen og havet
Del 2 av Møt Det Norske Teatret

I Keeperen og havet møter vi Lena og Trille og heile kystsamfunnet der ungane boltrar seg høgt og lågt utan altfor mykje innblanding frå dei vaksne. Vi er i utkant-Noreg, med sjøsprøyt, ferjekai og julebukk i orkan styrke.

Lena er 12 år og keeper på fotballaget. Ein ny trenar set ho på reservebenken, ho er ikkje lenger god nok for gutelaget ho spelar på. For å få stå i mål må ho reise med ferja inn til tettstaden for å trene med jentelaget. Dette får sinnet til å vekse til storm styrke i Lena. Trille kjem i skvis i venneflokken. Han vil helst berre vere usynleg og ikkje den snørrungen han trur han er. Når farfar har ei ulykke i båten blir Trille nøydd til å ta styringa.

Kjende frå Vaffelhjarte

Trille og Lena er kjende frå Vaffelhjarte, debutromanen til Maria Parr. Keeperen og havet er ikkje ein oppfølgar, men ei frittståande fortsetting frå same univers. Maria Parr debuterte med Vaffelhjarte i 2005, som også blei filmatisert av NRK. Fire år seinare kom Tonje Glimmerdal, som ho fekk Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. Bøkene til Parr er omsette til mange språk, og ho har også vunne ei rekke internasjonale prisar. I 2019 mottok ho også Sult-prisen. Ho har blitt samanlikna med både Johanna Spyri (Heidi-bøkene) og Astrid Lindgren. Parr har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen, og er utdanna lektor. Ho er frå Fiskå i Vanylven, og bøkene hennar er inspirert frå hennar eige oppvekstmiljø.


Medvirkende

Dramatisering og regi: Kjersti Horn
Scenograf og kostymedesignar: Sven Haraldsson
Lyddesignar: Erik Hedin
Dramaturg: Siri Løkholm Ramberg

På scenen

Trille: Vetle Bergan
Lena: Ina Svenningdal
Farfar: Per Schaanning
Birgitte: Kaia Varjord

Produsert av Det Norske Teatret

Sjekklister for DKS besøk


> Tilbake til oversikt over programmet