• Statens kunstutstilling, Høstutstillingen

  • Statens kunstutstilling, Høstutstillingen

  • Statens kunstutstilling, Høstutstillingen

Visuell kunst
5. – 7. trinn

Høstutstillingen – Eit første møte med samtidskunst
Valgfri produksjon -Kunstutstilling på Kunstnernes Hus. NB! Påmeldingsfrist 10. september kl.12:00, gjennomføringer i uke 37 og 41.

  • Hvor
    Kunstnernes Hus
  • Hvor mange

    Maks. 30 elever

  • Hvor lenge

    45 min
    Opprigg:
    Nedrigg:

  • Annen informasjon

    Omvisninga har 8 gjennomføringar per dag. Det er to parallelle grupper på 15 elevar ved kvart tidspunkt.

    Kl. 09:15
    Kl. 10:15
    Kl. 11:15
    Kl. 12:15

Velkommen til Statens kunstutstilling, Høstutstillingen – ei av landets viktigaste, største og mest omfattande kunstmønstring!

Med sitt store omfang og breidde i mangfald og uttrykk, er den ein utmerka arena for å gje barn og unge eit første møte med samtidskunst.

I det nye læreplanverket (LK29) er eit av kompetansemåla etter 7. årstrinn å kunne utforske og reflektere over korleis følelsar og meiningar blir vist i kunst. Dette gjeld både eldre kunst og kunst som blir skapt i dag. Høstutstillinga er landets største og eldste mønstring for samtidskunst, og er dermed ei viktig utstilling for elevar som skal lære om dagens kunstuttrykk. Med si store breidde og mangfald i både kunstnarskap og kunstuttrykk, gir den eit godt utgangspunkt for å utforske, reflektere og sette ord på sitt møte med samtidskunsten.

Formidlingssekvensen vil gå føre seg i utstillingssalane på Kunstnernes Hus, leia av formidlarar med kunstfagleg og pedagogisk bakgrunn. For at elevane skal få mest mogleg utbytte av besøket, utarbeider vi forarbeid og etterarbeid som kan bli tatt i bruk i klasserommet om ynskjeleg. Alle lærarar vil få tilsendt lærarrettleiing med utdjupande informasjon i god tid før besøket.

Statens kunstutstilling, Høstutstillingen, er arrangert av Norske Billedkunstnere (NBK), fagorganisasjonen til profesjonelle biletkunstnarar, men finn stad på Kunstnernes Hus i Oslo.

http://www.hostutstillingen.no/

Sjekklister for DKS besøk


> Tilbake til oversikt over programmet