• Foto: Christian Bloom

  • Foto: Christian Bloom

  • Foto: Oda Berby

Litteratur
5. – 10. trinn

Heksejakt
Valgfri produksjon. Forfattarmøtet med Aina Basso om heksejakta i Europa. NB! Meld på minimum 2 klasser

  • Hvor
    På skolen
  • Hvor mange

    Maks. 60 elever

  • Hvor lenge

    45 min
    Opprigg: 5 min
    Nedrigg: 0 min

  • Annen informasjon

    Må ha pc som er tilkopla projektor og lerret.

I dette forfattarmøtet fortel Aina Basso kva som skjedde under den store heksejakta i Europa, kva ei heks gjorde og kva som skjedde med den som blei mistenkt for å vere heks. Ho fortel også om arbeidet med å skrive historiske bøker, om detektivarbeidet det er å jobbe med historiske kjelder og om korleis det er å vere forfattar, og ønskjer å vekke interessa for historie og litteratur hos elevane.

Har du ei heks i familien?
Nei, svarer du sikkert, det finst jo ikkje hekser!
Du har sjølvsagt rett. Det finst ikkje hekser i verkelegheita. Ikkje trolldom heller.
Men om du hadde leitt langt bakover i slekta di, kan det hende du hadde funne ei heks likevel.
Kanskje blei ho mistenkt for å drive med trolldom og brend på bålet her i Noreg, for fire hundre år sidan.

Aina Basso har skrive to bøker for barn og ungdom om dei norske og europeiske hekseprosessane: ungdomsromanen Inn i elden (2012) og ei faktabok for barn og ungdom, Heksejakt og heksebrenning i Europa (2016).

I dette forfattarmøtet fortel ho kva som eigentleg skjedde under den store heksejakta i Europa, kva ein trudde ei heks var og gjorde – og kva som skjedde med den som blei mistenkt for å drive med trolldom. Ho fortel også om arbeidet med å skrive historiske bøker, om det detektivarbeidet det er å jobbe med historiske kjelder og om korleis det er å vere forfattar – og håper å vekke interessa for både historie og litteratur hos elevane.

Om det er ønske om det frå lærar eller elevar, kan ho også kome med nokre smarte skrivetips. Og ho vil gjerne ha spørsmål frå elevane!

Aina Basso 

  • Fødd 1979
  • utdanna historikar
  • debuterte med ungdomsromanen Ingen må vite i 2008
  • gitt ut to bøker om hekseprosessane i Europa: ungdomsromanen Inn i elden (2012) om ei heksejakt i Finnmark på 1620-talet og ei faktabok for barn og ungdom med tittelen Heksejakt – og heksebrenning i Europa (2016), som gir eit overblikk over den europeiske heksejakta, fortel historier om verkelege hekser frå mange land og dreg linjer inn i vår eiga tid.
  • blei nominert til Brageprisen i 2012, samt Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk Råds barne- og ungdomslitteraturpris i 2013 for Inn i elden
  • Inn i elden er omsett til fransk og dansk og blei m.a. nominert til Prix Pépites for beste ungdomsbok i Frankrike i 2015 og blei anbefalt som lesestoff for ungdomsskuleelevar av det franske kunnskapsdepartementet i 2016
  • Har i tillegg skrive tre romanar for vaksne
  • Har turnert mykje i skulen i inn- og utland og hatt mange arrangement på festivalar, konferansar, bibliotek, mv, for barn, ungdom og vaksne med tittelen Heksejakt – og heksebrenning i Europa (2016), som gir eit overblikk over den europeiske heksejakta, fortel historier om verkelege hekser frå mange land og dreg linjer inn i vår eiga tid.

Sjekklister for DKS besøk


> Tilbake til oversikt over programmet

  • Faglig relevans

    Norsk, samfunnsfag, historie, KRLE