• Foto: Ingvil Skeie Ljones

  • Foto: Kai Hansen

  • Foto: Kai Hansen

Musikk
8. – Vg3. trinn

Guro Heddelid
Ei folkemusikalsk framsyning

  • Hvor
    Oslo Konserthus - Lille sal
  • Hvor mange

    Maks. 250 elever

  • Hvor lenge

    1 t
    Opprigg:
    Nedrigg:

  • Annen informasjon

Songen Om Guro – ein tradisjonell songsyklus som fortel om den vakre Guro Heddelid, som alle gutane ville ha. Flørtande og glad i leiken, hadde ho problem med å avgjere kven som var ho verdig. Til slutt skrella ho det ned til to: Tore hadde sjela, Torgeir hadde styrken og pengane. Kven skal ho velje?

Luftige, klanglege lydlandskap og drivande rytmiske akkompagnement møter tradisjonell frasering og tonalitet. Folketonane og kvedinga står i senter og bind det heile saman. Instrumentalmusikken formidlar stemning og kjensler der orda ikkje lengre strekk til. Live visualer og ljos skapar den ekstra dimensjonen så ein kan dykke ned i ei anna verd.

Framsyninga er eit møte med norsk folkemusikk. Den tek også opp tema som fortsatt er aktuelle andre stader i verda. Kan ein trosse konvensjonane og kollektivet for noko så egoistisk som kjærleik og lidenskap? Den syner også eit mykje mindre trygt samfunn, der styrke var livsviktig, overleving var usikkert og på eige ansvar. Og universelle ting som å ta viktige val når ein eigentlig berre vil vere ung og fri, og vakle mellom det ein har lært er viktig og til å stole på i livet, og det som eit ungt og lidenskapeleg hjarte vil.

I tillegg er teksta skrive i ein spesiell periode av norsk historie, nasjonalromantikken. Både samfunnet og kulturen var i sterk endring, og ein får norskdomsrørsla og populære bygdediktarar som Jørund Telnes, som skriv tilbakeskodande lyrikk på nynorsk om gamal stordomstid.


Før og etter

Lærerveiledning:

Om Songen om Guro Heddelid

Lytt til musikken på Spotify:

https://open.spotify.com/album/48qcspeOy6hn8IzNCKZoL6?si=DGs_P7ilRDOIOwofyX00tA


Om utøver

Ingebjørg Lognvik Reinholdt, folkesong/dramatisering
Ingebjørg er en unik kvedar med djupe røtter i Telemarkstradisjonen og eit hjarte for formidling av vakre historiar.

Sarah Jane Summers, bratsj/dramatisering
Sarah Jane er ein anerkjent skotsk felespelar, som har ein sterk tradisjon fra the Highlands. Ho komponerar eigne slåtter, og har gitt ut fleire kritikerroste album.

Juhani Silvola gitar/elektronikk
Juhani er ein av få profilerte gitaristar i Noreg som jobbar med arrangert folkemusikk, og leverar en unik sound. Juhani har medverka på et tjugetals utgivingar blant anna Highasakite: både som musikar, lydmann og produsent.

Morten Kvam, bass/vokal/dramatisering
Morten er ein av våre mest kreative bassistar, og turnerer med store navn innan visepop- og folk/bluessjangeren som bl.a. Daniel Kvammen, Atlanter og Anne Lise Frøkedal.

Sigurd Ytre-Arne, live visuals
Sigurd er både musiker og videokunstnar, og har gjort live visuals for både danseforestillingar og musikarar som Mathias Eick, samt musikkvideoar for bl.a. Hajk og Broen. Han har også vokst opp med folkemusikk og soga om Guro.

Karina Opdal, regi
Karina er ein Bergensbasert skodespelar, songar og regissør. Ho har også utarbeida manus til bl.a. Mostraspelet og jubileumsforestillinga «En kjærlig hilsen» på Baroniet Rosendal, kor ho også var regissør. Eit ungt, friskt kunstnarisk auge, og erfaring frå både samtidig teater og musikk, og historiske spel, gjorde Karina til eit perfekt val som kunstnarleg ansvarleg. Saman med Ingebjørg gjorde ho soga til Guro om til ein folkemusikal som både traff og rørte eit moderne publikum.

Jørund Telnes, originaltekstar
Jørund Telnes (1845- 1892) var ein populær diktar og dertil lokalpolitikar og norskdomsmann frå Telemark. På slutten av 1800-talet var diktinga hans kjend over heile landet. Mange av hans tekstar vart tatt inn i folkesongtradisjonen.


Produsent

Riksscenen for folkemusikk i samarbeid med Ingebjørg Lognvik Reinholdt


www.ingebjorg.no
www.sarahjanejuhani.com
www.sigurdytrearne.com


Sjekklister for DKS besøk


> Tilbake til oversikt over programmet

  • Faglig relevans

    Norsk historie, litteratur, musikk, kulturarv, identitet