• Foto: Terje Svindseth

  • Foto: Terje Svindseth

Scenekunst
6. – 6. trinn

Gullfebla
Fast produksjon - teaterforestilling som er del 2 av "Ein dag i Nynorskens hus"

  • Hvor
    Nynorskens hus
  • Hvor mange

    Maks. 90 elever

  • Hvor lenge

    1 t
    Opprigg:
    Nedrigg:

  • Annen informasjon

    Meld frå dersom du har elevar som har vanskar med å bevege seg, eller andre spesielle behov, slik at vi kan legge til rette for det.

Framsyninga «Gullfebla» er ei skrøne, om eventyrsamlarar og gamle kjerringer, om trua på at ein kan gjere noko stort med livet sitt.

I Gullfebla møter vi to gamle karar som samlar på eventyr. Dei reiser land og strand rundt for å høyre folk fortelje historier, for så å skrive dei ned i ei bok. Boka er etter kvart blitt stappfull av eventyr og forteljingar, og dei to karane er slitne av å vandre land og strand rundt, (dei er tross alt minst åtti år) og tenkjer at dei no snart har samla nok, at dei er klare for å gi ut boka. Det skal bli ei fantastisk eventyrbok, stappfull av eventyr, ein nasjonalskatt rett og slett! Dei to karane heiter forresten Asbjørnsen og Moe.

Framsyninga er ein komedie som tek utgangspunkt i fire folkeeventyr. Men i botnen tar ho tak i spørsmål knytt til kulturhistorie og identitet: Har det vi tenkjer på som typisk norsk, eigentleg noko med «det norske» å gjere? Eller lagar vi stadig nye versjonar av kva som er typisk norsk, basert på korleis vi ønskjer at «det norske» eigentleg skal vere?

Gullfebla bruker mange ulike teatrale uttrykk, er på nynorsk og det er berre barn som står på scenen.

Lenker
https://www.mangfaldige.no/
Melding av Kai Johnsen

Medverkande
Regi/koreografi: Erlend Samnøen
Instruktør: Morten Espeland
Scenografi: Dagny Drage Kleiva
Lysdesign: Jørann Normann
Kostyme: Line Jeanette Antonsen
Mask: Live Becker Knudsen

Kunstnarar
Den mangfaldige scenen er eit barne- og ungdomsteater for unge mellom 6 og 28 år. Teateret tar utgangspunkt i den store og varierte kulturelle rikdommen som unge har med seg, og gi kvar enkelt høve til å ta i bruk og utvikle sine skapande evner i samarbeid med kunstnarar.

Erlend Samnøen er utdanna dansar ved Statens Balletthøgskole. Han er frilans regissør, koreograf og utøvar og har skrive og regissert ei rekkje framsyningar. Erlend har regissert og koreografert Gullfebla.

Morten Espeland er utdanna skodespelar ved Statens teaterhøgskole. Han er frilans regissør og utøvar. Han debuterte på Den Nationale Scene i Bergen og har arbeidd fleire år ved Det Norske Teatret. Morten er instruktør for Gullfebla.

Dagny Drage Kleiva er utdanna scenograf og kostymedesignar ved Central St. Martins College of Art and Design i London. Dagny er scenograf for Gullfebla.

Sjekklister for DKS besøk


> Tilbake til oversikt over programmet

  • Faglig relevans

    Nynorsk, historie, samfunnsfag og musikk.