• Foto: Yngvild Gotaas Torvik.

  • Omslag: Drikkeviser Oktober forlag

  • Omslag: Echo Mountain Oktober forlag

Litteratur
9. – 9. trinn

Forfatterbesøk: Anna Kleiva
Fast produksjon - forfatterbesøk i klasserommet

  • Hvor
    På skolen
  • Hvor mange

    Maks. 30 elever

  • Hvor lenge

    1 t 30 min
    Opprigg:
    Nedrigg:

  • Annen informasjon

Fast produksjon på 9. trinn er besøk av en forfatter utvalgt av Norsk Forfattersentrum.

FIRKANTA DIKT. EIT SKRIVEKURS – Forfatterbesøk  med Anna Kleiva.

«En fortelling er alltid en redningsoperasjon», skriv Cecilie Løveid i Vandreutstillinger, eit sitat frå John Berger. Korleis kan ein fortelje i poesien? I dette 90 minutters diktkurset vil eg diskutere diktsjangeren med elevane. Vi vil gå gjennom lyriske kjenneteikn og enkelttekster (dikt, songtekster, Instagrampoesi), i tillegg til at elevane sjølv får prøve seg på å skrive dikt.

Lyrikken kan vere vanskeleg å nærme seg både for elevar og lærarar. Å bli undervist av nokon som jobbar med å skrive dikt, og er engasjert på poesiens vegne, kan gi elevane ein annan inngang til temaet. Kurset vil gi ei enkel innføring i det som er grunnleggjande for diktsjangeren, både form- og innhaldsmessig. Elevane får jobbe med kortare tekster der dei kan finne att klassiske kjenneteikn, men vi vil også sjå på eksempel som utfordrar dei typiske normene for diktskriving, for eksempel gjennom Instagrampoesien. Elevane vil også få konkrete oppgåver som dei skal skrive eit eige dikt ut ifrå.

Eg vil bruke eksempel vi kan gå gjennom saman på skjerm, men også lese opp tekster. Det musikalske og rytmiske aspektet er viktig i poesien, og ved å hente teksteksempel frå hiphop (og spele av låtar) blir dette understreka.

Elevane har bruk for å lære seg dei konkrete sjangertrekka som finst, og som gjer at dei kan snakke om dikt. Samtidig er det viktig for meg å komme bort frå den tradisjonelle diktundervisninga, der ein gjennom tolking leitar etter ein fasit på kva diktet handlar om. Eg håpar å kunne vise elevane at lyrikk kan vere på ulike måtar, kan romme fleire forteljingar og «sanningar» på same tid, og at moderne lyrikk ikkje er så langt unna livet, verken språkleg eller innhaldsmessig

Last ned lærerveiledningen med presentasjon av forfatteren og mer om tema:
Anna Kleiva presentasjon og tema

Dikt 1
Dikt 2
Dikt 3


Om forfatteren
Anna Kleiva (f. 1985) har gitt ut diktsamlingane Ti liknande versjonar (2011), Vårar seinare (2015), og Drikkeviser frå Paris (2016). Kleiva si dikting blir kjenneteikna av eit språkleg overskot, og eit sprelsk, humoristisk blikk på verda. Ho er nyskapande, original og lar dikta og tekstene gå sine eigne vegar.

Sjekklister for DKS besøk


> Tilbake til oversikt over programmet