• Omslag: Gyldendal

  • Foto: Maria Olivia Rivedal

Litteratur
9. – 9. trinn

Forfatterbesøk: Ane Barmen
Fast produksjon - forfatterbesøk i klasserommet

  • Hvor
    På skolen
  • Hvor mange

    Maks. 30 elever

  • Hvor lenge

    1 t 30 min
    Opprigg: 10 min
    Nedrigg: 9 min

  • Annen informasjon

Forfattarbesøk med Ane Barmen, som i 2019 utgav ungdomsromanen «Draumar betyr ingenting».

Boka vann Brageprisen same år. Eg fortel om boka og les høgt,  men snakkar også om alt det andre eg gjer som frilans skodespelar og skribent. I tillegg les eg høgt frå mine eigne til dels svært kleine dagbøker frå barndommen og ungdomstida, som var prega av store draumar, blomstrande språk og frykteleg mange forelskingar som sjeldan blei gjengjeldt.

Eg fortel om min veg til forfattaryrket, og om boka «Draumar betyr ingenting». Eg les høgt frå boka og gjev døme på korleis eg har brukt personlege erfaringar i ein litterær tekst.

Eg fortel om korleis eg  byrja med å skrive verkelegheitshistorier for vekeblad, om avslaga eg fekk før det endeleg blei bok, og korleis eg arbeidde fram ein ungdomsroman om sorg.

I tillegg fortel eg om det varierte yrkeslivet mitt som frilans skodespelar og skribent – eg driv m.a. også med dubbing, omsetjing av barne-TV, og var forfattar på Hotel Cæsar. Eg vil gjerne vise ungdom at vegen til kunstnarlivet kan vere mangfaldig, og at det kan vere fleire vegar til målet.

Eg snakkar om nynorsk, kvifor dette er målforma for meg, og min kjærleik til dialektar og språk. Vona er at elevane skal få eit positivt inntrykk av nynorsken og bli interessert i å lære meir om det.


Om forfatteren: 

Ane Barmen (f. 1984) er utdanna skodespelar og musikkvitar og har gått på Gyldendals skriveskule. Ho jobbar som skodespelar og skribent.

Draumar betyr ingenting (2019) var debutromanen hennar, og for den fekk ho Brageprisen i kategorien Barne- og ungdomslitteratur. Boka blei også nominert til Nordisk råds litteraturpris.

Sjekklister for DKS besøk


> Tilbake til oversikt over programmet