• Foto: Elin Grimstad

  • Foto: Elin Grimstad

  • Foto: Elin Grimstad

  • Foto: Elin Grimstad

  • Foto: Elin Grimstad

Film
4. – 7. trinn

Evige jaktmarker – en film av papir
Valgfri produksjon - møte med filmskaper, animasjonsfilmteknikk og visning av film

Evige Jaktmarker – ein film av papir er eit inspirerande og lærerikt møte med ein filmskapar, dei grunnleggane prinsippa i animasjonsfilm, samt ei kunstnarisk reise.

Evige Jaktmarker er ein taktil, mørk og poetisk film, som handlar om natur, barndom og fantaserer over kva som skjer med dyra etter at dei døyr. Filmen er kunstnarisk og nok litt uvanleg frå det borna er vant med å sjå.

Elevane får eit spennande og innhaldsrikt møte med stop-motion animasjonsfilm.  

I løpet av 80 min er elevane med på å lage ein heilt «crazy» papiranimasjonsfilm på glasbord saman med filmskapar Elin Grimstad. Elevane vel bakgrunnar, rekvisita og karakterar– og enkelte elevar får også animere og fotografere. Det blir som oftast svært morosamt, i slapstick stil!

Filmen er ein flott introduksjon til det vidare programmet. Då vil Elin fortelje litt om animasjonsfilmen «Evige Jaktmarker». Denne filmen er også laga i papir, i same teknikk som animasjonssnutten elevane laga. Deretter er det filmvisning som varer i 20 min.

Etter filmvisning er det litt samtale rundt tematikkene i filmen. Produksjonen avsluttar med at elevane får sjå utstillinga. Elin har med store diorama, bak glaset er lyssette papirfilmsett – dokker og bakgrunnar sett i scene. Det er som sjå inn i ei magisk verd. 

Trailer

Om filmen
Animasjonsfilmen er laga i ein svært spesiell teknikk – ein plasserer figurer horisontalt på eit stort glasbord og animerer på det. Alt i filmen er laga av papir.
I 2016 vann filmen ”The Golden Dove” prisen under Leipzig DOK festivalen 2016,og var bland dei 63 animasjons filmane på kortlista til Oscar nominasjon i 2018.


Om rom

Rommet må vere tilgjengeleg for rigging av utstyr ein time før programstart og nedrigg,
Velg eit rom som kan mørkleggjast, og med plass til alle elevane + utstilling og filmvisning, t.d.
 gymsal, aula eller større klasserom.
Rommet organiseres som vist i denne oversikten (klikk her)

Publikum skal sitt i to stolrader, sett litt på skrå mot projektor. 


Om utøver

Elin Grimstad er animatør, forfattar og musikar med fleire utgivingar bak seg. Filmen «Evige Jaktmarker» vann Gullduen for beste animerte kortfilm under Leipzig Dok International Filmfestival i 2016. I mai 2012 debuterte ho som forfattar og illustratør med bildeboka «Månen som ville lyse som ei sol» (Samlaget). Elin har jobba mykje med animasjon i møte med scene og dukketeater, med erfaring i både tekstarbeid og illustrasjon/ animasjon for scenekunst og musikk. Hun har også vore med i en rekke teaterframsyningar som utøver og musikar, og har turnert i 15 år i Den kulturelle skolesekken over heile landet.

Elin har med seg ein assistent.

Sjekklister for DKS besøk


> Tilbake til oversikt over programmet