Scenekunst
6. – 6. trinn

Ein dag i Nynorskens hus
6. trinn fast produksjon - Opplev Nynorskens hus fra innsiden

  • Hvor
    Nynorskens hus
  • Hvor mange

    Maks. elever

  • Hvor lenge

    1 t 30 min
    Opprigg:
    Nedrigg:

  • Annen informasjon

    Meld frå dersom du har elevar som har vanskar med å bevege seg, eller andre spesielle behov, slik at vi kan legge til rette for det.

Ei oppdagings- og danningsreise i språk og kultur i Nynorskens hus. Gjennom ei vandring gjennom rom og tid og ved forteljing og praktiske oppgåver får elevane kunnskap om språkhistoria og nynorsk språk. Elevane får inspirasjon til å bruke nynorsk og til å få utforske sitt eige språk.

I Nynorskens hus, som i 100 år har vore ein kulturbyggar og er eit kulturminne, der teaterslaget stod i 1913 og barn og unge spelar teater på nynorsk i dag, skal elevane få ei innføring i nynorsk og jobbe kreativt med å formidle og uttrykke seg sjølv.

Elevane skal få ei auka kjensle av eigarskap til nynorsk gjennom ei språkreise i tid, diskusjon rundt språk i dag og aktivitet knytt til teater.

Målet for besøket er å gi elevane:

  • kunnskap og eigarskap til nynorsk språk og kulturhistoria og aktiviteten som er i Nynorskens hus
  • ei auka interesse for språk og sitt eige språk
  • reiskap i kreativt arbeid, til å formidle og uttrykke seg sjølv

Elevane skal vere med på ei vandring gjennom Nynorskens hus der kvart rom i huset er scene for kulturhistorie, språkkunnskap og identitet. Elevane blir guida av dyktige forteljarar.

Manus og opplegg
Nynorskens hus/Bondeungdomslaget i Oslo (Hovudansvarleg)
Norsk målungdom (Samarbeidspart/Co-produsent 1)
Den mangfaldige scenen (Samarbeidspart/Co-produsent 2)

Ansvarleg: Liv Hege Skagestad og Kari Velure
Regi og instruksjon av forteljarane: Erlend Samnøen
Forteljarar frå Den mangfaldige scenen, Nynorskens hus og Norsk målungdom
Rådgjevarar i utvikling av konseptet:  lærarar og elevar frå utvalde barneskular og Noregs mållag og Det norske Samlaget

Nynorskens hus er ein kulturarena der ulike uttrykk møtest: teater, dans, musikk, språk, debatt, litteratur, handverk, design og forsking. Det skal vere ein arena for born, unge og vaksne, amatørar og profesjonelle. Nynorskens hus skal gi fleire tilgang til nynorsk språk.

Norsk Målungdom (NMU) er ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag. NMU arbeider for at alle skal ha høve og rett til å skrive nynorsk, for å take vare på det språklege mangfaldet og å styrkje språklege rettar. NMU har i mange år reist rundt på skular på såkalla målferd – som no dannar det faglege grunnlaget for Ein dag i Nynorskens hus.

Den mangfaldige scenen (DMS) er eit barne- og ungdomsteater for unge mellom 6 og 28 år. Teateret tar utgangspunkt i den store og varierte kulturelle rikdommen som unge har med seg, og gi kvar enkelt høve til å ta i bruk og utvikle sine skapande evner i samarbeid med kunstnarar.

Erlend Samnøen er utdanna dansar ved Statens Balletthøgskole. Han er frilans regissør, koreograf og utøvar. Han har skrive og regissert ei rekkje framsyningar. Erlend er rådgivar for Ein dag i Nynorskens hus og har regissert og koreografert Gullfebla (del 2).

Liv Hege Skagestad  er initiativtakar og leiar for Den mangfaldige scenen og Nynorskens hus. Ho har hatt fleire leiande stillingar i statleg kultur- og miljøforvaltning, mellom anna innan kulturarv og kulturelt mangfald. Liv Hege er utdanna sivilegingeniør og innan teater.

Eline Bjørke er utdanna lektor frå NTNU. Ho har vore leiar i Studentmållaget i Nidaros og har sete i landsstyret til NMU. Eline har sjølv reist rundt på ungdoms- og vidaregåande skular og snakka om nynorsk og bidrar, med denne kunnskapen, til utvikling av det faglege grunnlaget for Ein dag i Nynorskens hus.

Kari Velure jobbar som organisasjonskonsulent i Bondeungdomslaget i Oslo. Kari er utdanna statsvitar og har lang organisasjonserfaring frå Noreg og Nederland. Ho har alltid hatt nynorsk som hovudmål og bidreg med språkleg rådgiving, og utvikling og gjennomføring av Ein dag i Nynorskens hus.

Sjekklister for DKS besøk


> Tilbake til oversikt over programmet

  • Faglig relevans

    Nynorsk og samfunnsfag.