• Foto: Oda Berby

  • Foto: Per Ivar Somby

  • Foto: Per Ivar Somby

Kunstarter i samspill
Vg1. – Vg3. trinn

Det er lenge til skumring
Valgfri produksjon - forfattermøte med rasisme, krig og terrorisme som tema. NB! Meld på 2 klasser fra skolen samme dag.

  • Hvor
    På skolen
  • Hvor mange

    Maks. 35 elever

  • Hvor lenge

    45 min
    Opprigg: 10 min
    Nedrigg: 10 min

  • Annen informasjon

Det er lenge skumring er ei kunstnarisk produksjon med musikk, bakgrunnsfilm, opplesing og faktasekvenser om rasisme, krig og terrorisme og kva det gjer med oss som mennske og korleis det påverkar Noreg i dag. 

Me lev i ei verd kor rasismen veks, kor unge gutar tek seg inn i moskear for å skyta muslimar, etter å ha drepe stesystera av di ho har ei anna “rase”. I det heterogene samfunnet me lev i treng unge idag reiskap for å gjenkjenna og stå opp mot rasisme, ikkje minst for å møta og konfrontera eigne fordommar. Me treng au å setta ord den frykta og dei kjenslene me sit med i ei tid kor massedrap og terrorisme er vanlegare enn det det har vore tidlegare. 

Produksjonen er med musikk, bakgrunnsfilm, opplesing og faktasekvenser om rasisme, krig og terrorisme, og kva det gjer med oss som mennske og korleis det påverkar Noreg i dag. Rasisme skapar dypgripande verknadar i sinnet og kroppen, og produksjonen vil au ta for seg korleis me kan meistra livet når me stadig møter på det.

I tillegg til romanen Det er lenge til skumring vil produksjonen i faktasekvensane ta opp tema frå mellom anna Claudia RankineCamara Lundestad Joof, James BaldwinAudre Lord og Bhanu Kapil. Produksjonen tek au for seg livmeistring, korleis å gå vidare når ein har opplevd det verste som kan skje. 


Om utøver

Tharaniga Rajah har mellom anna vore på TV, turnért i Finnmark og hatt oppdrag for store litteraturfestivalar i Noreg for å snakka om Det er lenge til skumring. Ho er ei trygg og engasjert formidlar, ei dyktig opplesar som brukar kostyme og element frå sin tamilske bakgrunn under framføringar. Våren 2020 turnérer ho for DKS Akershus i lag med Maria Kjos Fonn i produksjonen Kinderwhore/Det er lenge til skumring laga i samarbeid med DKS Akershus, som tek for seg traumar og livsmeistring. 

Sjekklister for DKS besøk


> Tilbake til oversikt over programmet