Scenekunst
6. – 6. trinn

Den minste engelen
Fast produksjon - teaterforestilling som er del 2 av "Møt Det Norske teatret"

  • Hvor
    På skolen - live streaming
  • Hvor mange

    Maks. 5000 elever

  • Hvor lenge

    1 t 30 min
    Opprigg:
    Nedrigg:

  • Annen informasjon

    Teknisk er det behov for internett, og noko å vise strøyminga frå (tv, projektor, pc, nettbrett eller liknande). Hugs også at det må vere tilgang til lyd.

    Skolene kan velje å anten
    1: Ha strøyminga på storskjerm og sjå i fellesskap, eller
    2: At kvar enkelt elev ser på eigen PC/nettbrett.

    Det er viktig å merke seg at denne strøyminga er direkte. Det betyr at den ikkje er i opptak. Framsyninga startar presis, og det er ikkje mogleg å stoppe eller spole tilbake.

Når den minste eleven på engleskolen oppdagar at sjølv ikkje i paradis er alt perfekt, kva er da riktig å gjere?

Sjå teaterframsyning frå Scene 3 på Det Norske Teatret, direkte til klasserommet!

Direktestrøyminnsdag avlyst pga covid-19. Ny tid: TBA 

Mikel er den minste engelen i himmelen. Han er liten av vekst, og har enno ikkje fått venger. Dei andre englebarna mobbar han for det. Det er ikkje rettferdig, synest Mikel, men i himmelen er det om å gjere å vere lydig. På engleskolen lærer dei at alt i himmelen er perfekt. Der herskar det perfekt harmoni. Alle er lukkelege. Løva og lammet leikar i hop. Det er mjølk og honning til alle, og sola skin.

Ufred i paradis
Men Mikel oppdagar at alt ikkje er det glansbildet dei høyrer om på skolen. Noko er i uorden i paradiset. Og skal ein ikkje snakke sant? Krigen trugar, seier erkeengelen Mikael, både i himmel og på jord. Ja, på jorda er alt endå verre, svolt, krig, øydelegging av land og hav. Eit opprør er under oppsegling. Det handlar om rettferd, og Mikel må finne ut kven han er, kva han står for, kva som er rett og gale.

Den minste engelen er eit skodespel skrive av Alf Kjetil Walgermo. Målgruppa er 9-12 år. Den speler direkte på Scene 3 på Det Norske Teatret, og de kan sjå den rett til klasserommet.


Kunstnarleg lag
av Alf Kjetil Walgermo
Regissør: Rebekka Nilsson
Visuelt ansvarleg: Katja Ebbel Fredriksen
Lyddesignar: Matthías Ingiberg Sigurðsson
Dramaturg: Carl Morten Amundsen

På scenen
Mikel: Emil Johnsen/Andreas Koschinski Kvisgaard
Gud: Unn Vibeke Hol
Mikal: Iren Reppen
Lysengelen: Gaute Adela Aastorp Cudjoe
Jona: Kidane Gjølme Dalva
Frøken Venge: Niklas Gundersen

Det Norske Teatret

Alf Kjetil Walgermo (f. 1977) kjem frå Sunnmøre og er busett i Oslo. Han har skrive fleire kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne og er omsett til ei rekkje språk. I 2017 gav han ut Røff guide til Bibelen for vaksne, i 2020 kom boka Bibelens kvinner

Sjekklister for DKS besøk


> Tilbake til oversikt over programmet