• Foto: Johannes Selvaag

  • Foto: Rune Ottarsen

  • Foto: Rune Ottarsen

Musikk
1. – 4. trinn

Danse, sa fela
Fast produksjon - skolekonsert

Ei eventyrleg reise inn i huldrefolket sitt rike, med friske hallingspark og saftig felespel!

Ei lita jente blir sett på prøve når ho blir bergteken inn i fjellet. Kan fuglar, hestar og ormar hjelpe ho? Med kløkt, spenst og listige krumspring prøvar ho å fri seg frå sjølvaste bergakongen.

Ei forestilling av og med Silje Onstad Hålien og Nina Fjeldet.

Danse, sa fela! er bygd opp som eit eventyr, men er likevel ei moderne forestilling med tidlause referansar. Musikken og bevegelsesmaterialet er henta frå folkemusikken og folkedansen, og publikum vil gjennom forestillinga bli inkludert i denne verda. Forestillinga kan tilpassast dei fleste lokaler, og har gjort suksess i barnehager, skuler, bibliotek, eldresenter og som uteforestilling på festival.

Medvirkende
Silje Onstad Hålien
frå Vang i Valdres er dansar utdannna frå Den Norske Ballethøyskole og Dance New Amsterdam i New York. Ho har vore sentral i utviklinga av det sceniske feltet innan folkedans, både med eigne forestillingar og i rolletolkningar på Det Norske Teatret, Västanå teater og Riksteatret. Ho vart utnevnt til Årets Folkemusiker i 2015, og i 2011 vart ho som fyrste kvinne i Norge kvalifisert til eliteklassa i hallingdans.

Nina Fjeldet frå Gausdal er felespelar utdanna frå Ole Bull Akademiet og Høgskulen i Telemark. Ho har turnert i land som Pakistan, Nepal og Storbritania, og vore mykje brukt som kurshaldar og formidling av den tradisjonelle musikken og dansen i både skulen og andre arenaer. Ho har dei siste åra arbeid som produsent inna folkemusikk- og folkedans, og er dagleg leiar for festivalen Kalottspel.

Speleplass
Scene om lag 6×4 meter, publikum i halvsirkel rundt på matter fremst. Bygger opp bakover med benker, evt. stoler bakerst der det er nødvendig.
Utstyrsbehov og andre praktiske opplysninger: 1 stol utan armlene, matter / benker / stoler til borna.

Sjekklister for DKS besøk


> Tilbake til oversikt over programmet

  • Faglig relevans

    Musikk, norsk