• Foto: Det Norske Teatret

Scenekunst
4. – 7. trinn

Charlie og sjokoladefabrikken
Bli med inn i sjokoladefabrikken til Willy Wonka!

  • Hvor
    Det Norske Teatret
  • Hvor mange

    Maks. 700 elever

  • Hvor lenge

    2 t 50 min
    Opprigg:
    Nedrigg:

  • Annen informasjon

    Det er nummererte plassar i salen, Hovudscnen.

Charlie og sjokoladefabrikken er ei herleg dryg og mørk historie, der dei slemme får som fortent og dei snille får oppfylt sine søtaste draumar. Bli med inn i sjokoladefabrikken til Willy Wonka!

Charlie Bucket bur saman med foreldra og besteforeldra i eit falleferdig hus. Han er lei av kålsuppe og drøymer om å komme inn i den enorme sjokoladefabrikken til Willy Wonka, den fenomenalaste sjokoladefabrikanten i verda! Men ingen har sett Wonka på mange år, og ingen får komme inn i fabrikken. Alt ein ser er mystiske skuggar i vindauga, og uendelege mengder sjokolade som blir køyrt ut gjennom jernportane.

Men ein dag kjem nyheita: Willy Wonka har gøymt fem gullbillettar i fem sjokoladeplater. Dei fem heldige vinnarane får bli med inn i fabrikken. Jakta på gullbillettane er i gang. Ein etter ein blir vinnarane annonserte. Dei er glupske, bortskjemde, obsternasige og betrevitande barn av verste sort! Det er berre ein gullbillett igjen. Vil Charlie få oppfylt sitt største ønske? Vil han få oppleve magien i Wonka sitt fantastiske godteriunivers?

Roald Dahl har skrive nokre av dei mest lesne og elska bøkene for barn, som Heksene, SVK, Danny og den store fasanjakten og Matilda. Felles for bøkene er ei magisk-realistisk verd der hovudpersonen blir transportert frå den grå kvardagen til det spektakulære.

Omsetjing: Runar Gudnason

Regissør: Vidar Magnussen
Scenograf: Gjermund Andresen
Kostymedesignar: Christina Lovery
Lysdesignar: Torkel Skjærven
Koreograf: Belinda Braza
Musikkansvarleg: Lars Bleiklie Devik
Dramaturg: Mathilde Holdhus

Skodespelarar: Fridtjof S. Josefsen: Willy Wonka, Ole Opsal Stavrum: Charlie Bucket (alt.),Peter A. H. Moseng: Charlie Bucket (alt.), Heidi G. Broch: Fru Bucket, Ompa Lompa, Pål Christian Eggen: Bestefar Joe, Paul Åge Johannessen: Bestefar George m.fl., Christian Ruud Kallum: Bestemor Georgina, Ompa Lompa m.fl., Amanda Kamara: Bestemor Josefine, Ompa Lompa m.fl., Geir Kvarme: Herr Salt m.fl., Catharina Vu: Veruca Salt, Ompa Lompa m.fl.

Ellen Birgitte Winther: Fru Gloop, Ompa Lompa m.fl.

Kristiffer Olsen, Augustus Gloop, Ompa Lompa m.fl.

Paul-Ottar Haga: Heer Beauregarde m.fl

Tiril Heide-Steen: Violet Beuregarde, Ompa Lompa m.fl.

Ingrid Jørgensen Dragland: Fru Teavee m.fl.

Hans Magnus Rye: Mike Teavee m.fl.

Hilde Olausson: Miss Green m.fl.

Manish Sharma: Jerry, Ompa Lompa m.fl.

Hina Bernholt Gørvell: Cherry, Ompa Lompa m.fl.

Adela Cudjoe: Ein rik mann, Ompa Lompa m.fl.

Joakim H. Ousdal: Ein nyheitsreportar, Ompa Lompa m.fl.

Sjekklister for DKS besøk


> Tilbake til oversikt over programmet