Scenekunst
8. – Vg3. trinn

Blokk til blokk – Elevenes valg!
Fast produksjon for u.trinn og valgfri produksjon for vgs. - Teaterforestilling på Det Norske Teatret

  • Hvor
    Det Norske Teatret
  • Hvor mange

    Maks. 700 elever

  • Hvor lenge

    1 t 50 min
    Opprigg:
    Nedrigg:

  • Annen informasjon
  • Kontakt utøver

    Erlend Tårnesvik Dreiås
    erlend.dreiaas@detnorsketeatret.no
    22473872

Kor du kjem frå er ikkje berre ein stad du ikkje har valt. Det er med på å gjere deg til den du er. Dette er ei konsertframsyning om å komme dit du er, ikkje på grunn av, men trass i.

«Denne forestillingen bør bli obligatorisk»
– Dagsavisen (terningkast 5).
«en opplevelse som er større enn en konsert og rikere enn en vanlig forestilling»
– Aftenposten (terningkast 5)
«Burde bli pensum»
– Morgenbladet

Don Martin, Castro og Fela, har i lang tid vore markante stemmer innan norsk rap. I blokkene i Groruddalen der dei voks opp blei musikk og personlege songtekstar om identitet fødde. Dei har alle på ulikt vis gjort rap til eit levebrød, og hiphop har vore eit fast haldepunkt heile livet både musikalsk og sosialt.

Personlege tekstar
I framsyninga fortel Martin, Jonathan (Castro) og Felipe (Fela) sine historier og tek publikum med inn i blokka, bak musikken og tekstane sine. Vi får høyre om Groruddalen, Turtles og MTV, om brorskap og vegval. Om å miste nokon som står ein nær. Om Rudolf, Lillebjørn og Joachim. Om dei uønskte sin fest. Om å ville vere Tupac og Inger Hagerup. Om å ikkje bli bitter, berre betre, og om å leve livet med lidenskap.


Om utøver
Don Martin er rappar, DJ og skribent. Han var sentral i rap-gruppa Gatas Parlament i ei årrekke. I 2013 fekk han Spellemannprisen for sitt første soloalbum og blei heidra med NOPAs pris for Årets tekst. I 2016 slepte han albumet Løvehjerter blant slangene i en Tigerstad.

Jonathan Castro er rappar, og driv sitt ege plate-label. Han har jobba med ungdom, mellom anna gjennom Agenda X. I 2010 starta han etter-skole-tilbodet HipHop101 på Rommen skole, eit gratistilbod for musikkinteressert ungdom. I dag har Hiphop101 spreidd seg til 5 bydelar i Oslo.

Felipe “Fela” Orellana Castro er rappar og blei først kjent gjennom Haugenstua-gruppa Breaknecks, men har sidan rukke å sleppe to soloalbum og ein EP i lag med duoen Degos. Han blei tildelt Årets Hiphop-album av Wimp i 2012.

Regissør/idé/produsent: Cici Henriksen
Musikk: Don Martin, Castro, Fela, Tommy Tee
Dramaturg/medregissør: Hedda Sandvig
Videodesignar: Ola Erik Blæsterdalen
Video/foto: Henrik Berge
Videomateriale: Kristoffer Klunk, Didrik Øverby, John-Erling Holmenes Fredriksen, Waqaz da drone killa
Scenografikonsulent: Even Børsum
Dramaturg: Morten Joachim

SPKRBOX Produksjoner i samarbeid med Det Norske Teater

Sjekklister for DKS besøk


> Tilbake til oversikt over programmet

  • Faglig relevans

    Norsk, samfunnsfag, musikk og sal og scene.