• Foto: Erik Berg

  • Foto: Erik Berg

  • Foto: Erik Berg

  • Foto: Erik Berg

Scenekunst
Vg1. – Vg3. trinn

Bienes historie
Valfri teaterproduksjon for vgs. Strømmes direkte 16. okt. kl. 12.00 og onsdag 18. november kl. 20.00. Du meldar på som vanleg i portalen og får ein direktelenke på e-post frå teatret.

Bienes historie – direktestrøyming
Sjå musikalen Bienes historie direkte frå klasserommet.

Den nyskrivne musikalen Bienes historie er basert på romanen til forfattar Maja Lunde. Boka fekk strålande kritikkar da ho kom ut i 2015, og var eit vakkert varsku om konsekvensane av livsførselen vår. I naturen heng alt saman. Døyr biene, blir ikkje livsviktige planter pollinerte, og vi har ikkje noko å leve av.

Gjennom tre parallelle historier frå fortid, samtid og framtid skildrar Bienes historie menneskas første spede forsøk på å halde bier, via dagens industrielle landbruk og til ei framtid der biene er daude. I botnen ligg ei forteljing om relasjonar mellom foreldre og barn, og om menneskas sårbarheit.

På scenen er det skodespelarar frå Det Norske Teatret, dansarar frå Nasjonalballetten, saman med orkester og eit barnekor.

Tekniske krav
Teknisk er det behov for internett, og noko å vise strøyminga frå (tv, projektor, pc, nettbrett eller liknande). Hugs også at det må vere tilgang til lyd.

Skolene kan velje å anten
1: Ha strøyminga på storskjerm og sjå i fellesskap, eller
2: At kvar enkelt elev ser på eigen PC/nettbrett.

Det er viktig å merke seg at denne strøyminga er direkte. Det betyr at den ikkje er i opptak. Framsyninga startar presis, og det er ikkje mogleg å stoppe eller spole tilbake. Det er ein pause på ca. 20 minutt midt i framsyninga.

Lærerveiledning

Lenker
https://vimeo.com/429542886
https://vimeo.com/365070349

Utøvere
Dramatisering: Ingrid Weme Nilsen
Songtekstar: Ola E. Bø
Komponist: Nils Bech
Regissør: Erik Ulfsby
Koreograf: Cina Espejord
Scenograf: Even Børsum
Kostymedesignar: Ingrid Nylander
Lysdesign: Torkel Skjærven
Dramaturg: Carl Morten Amundsen

På scenen: Mona Huang, Morten Svartveit, Pål Christian Eggen, Ingrid Jørgensen Dragland, Julie Moe Sandø, Charlotte Frogner, Nora Elise Augustinius, Arne Kristian Ruutu, Christian Ruud Kallum, Elias Moussaoui Anseth, Cheistian Eidem, Marianne Hetland, Caroline Roca, Miharu Maki, Philip Currell, Marco Pagetti, Idun Bækken, Victoria Amundsen, Simon McNally + barneskodeseplarar

Kapellmeister og tangentar: Svenn Erik Kristoffersen
Bassar: Marius Reksjø
Slagverk: Christian Svensson
Strykarar: Lise Voldsdal, Ragnhild Lien, Isa Caroline Holmesland og Kaja Fjellberg Pettersen

Om kunstneren
Framsyninga er eit samarbeid mellom Det Norske Teatret og Det Norske Opera og Ballett.

Produsent
Det Norske Teatret i samarbeid med Den Norske Opera & Ballett.

Sjekklister for DKS besøk


> Tilbake til oversikt over programmet