• Foto: Vidar Flak

Litteratur
8. – 10. trinn

Å utforske verda med ord
Valgfri produksjon - skriveverksted og/eller foredrag

  • Hvor
    På skolen
  • Hvor mange

    Maks. 35 elever

  • Hvor lenge

    45 min
    Opprigg:
    Nedrigg:

  • Annen informasjon

    En klasse ved skrivekurs, elles er det muleg med rundt 100 elevar på foredrag.
    Foredrag: 1 skuletime
    Skrivekurs: 4 skuletimar ved skrivekurs

  • Kontakt utøver

    Sunniva Relling Berg
    sunnivarb@hotmail.com
    91738242

Skrivelyst og skrivetips er tema når Sunniva Relling Berg fortel om og les frå bøkene sine. Ho skildrar ulike sider med skriveprosessen fram til ferdig bok, vi får høyre korleis ein kan velje ut og byggje opp eit persongalleri, korleis finne inspirasjon og tekstjobbing. Det blir også tid til spørsmål og dialog med elevane.

Sunniva Relling Berg debuterte med ungdomsromanen Utfor som m.a. blei nominert til Brageprisen, og i 2013 kom hennar andre bok; Beina i gitaren. Skriveglede har alltid vore viktig, og på skulebesøk viser ho mellom anna fram notisbøker og tankekart, og snakkar om skrivearbeidet.
Sunniva kan òg halde skrivekurs på 1-3 timar, der skriveglede og fantasi er dei viktigaste ingrediensane. Med korte og lengre skriveøvingar, vil elevane få bruke fantasien og utforske verda gjennom ord, og få innspel undervegs. Ved hjelp av bilete og ord er det mange artige skriveøvingar ein kan forsøke seg på, som kan utfordre språket til elevane. Ønsket er at elevane skal sjå mulegheitene som finst, og kunne vere fri frå formelle krav om kva som kan vere og ikkje vere ein tekst. I løpet av kurset vil ein få meir kunnskap om dialog, det å skape personar, skildringar og korleis komme i gang med ein tekst.


Utøver
Sunniva Relling Berg har gitt ut bøkene Utfor (2011) og Beina i gitaren (2013). Utfor blei nominert til Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok, og ho har motteke prisar for forfattarskapen sin. Ho har òg bidratt med noveller i ulike antologiar, og ei barneforteljing i Monsterboka (2013)

Sjekklister for DKS besøk


> Tilbake til oversikt over programmet